fbpx

Annas Kafè – Tinghaug

Annas Kafé gir deg ei unik oppleving på ein minneverdig plass.Kvar søndag er kaféen open med heimelaga kaker, vafler og kaffi, midt blant kunstverka til målaren Samuel Tveit. I tillegg til god servering kan me lokke med midlertidige kunst- og salsutstillingar i kjellaren av lokale målarar.

Sjølve Tinghaug er verdt eit besøk berre for å oppleve å tre inn i ein kunstnarheim frå ei anna tid, med originale kunstverk av Samuel og Eigil Tveit på veggane, gamle møbler og blondegardiner. Plasseringa ved Rødstjødna gjer det idéelt å kombinere kafébesøket med ein tur rundt det vakre vatnet, badetur eller eit slag golf på Sauda Golfbane.

Det er sitjeplassar i begge etasjar og på tunet, når vêret er til det. Kaféen er kun basert på frivilleg arbeidskraft, og går inn under Interessegruppa Samuel Tveit. Alle inntekter går til utgifter i samband med kafédrifta, og til vedlikehald/oppussing av Tinghaug. Annas Kafé har vore ein suksesshistorie utan like, og sidan opninga i mai har gamle og unge fylt stova til Anna kvar søndag. På det meste har fleire hundre vore innom på ein dag