fbpx

Sauda Smelteverk og Åbøbyen

Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.

Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.

Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som OddaTyssedalJørpelandFlørliGlomfjordRjukan og Eydehavn.

Då EFP Co Ltd. i 1914 fekk konsesjon var det på visse vilkår, på same måte som ved etableringa av andre industristader i landet. Bedrifta kommenterte vilkåra slik:

«Vi agter at bygge det sundeste og bedst utstyrte fabrikanlæg i sit slag i Norge – et anlæg som vil bli til ære baade for Norge, distriktet, regjeringen og os selv.»[2]

Når selskapet her seier «fabrikanlæg», er dette i vid forstand, altså ikkje berre sjølve fabrikken, men òg bustader, grøntanlegg og det som høyrer til. Slik sett kan ein seia at EFP hadde som mål at Sauda skulle visa veg for resten av landet. I nokon grad vart det slik, og hovudstadsaviser og utanlandske media kom til Sauda for å sjå og læra.